- For seint å planlegge sommarfestival i mai

(NPK):Gjenopningsplanen til regjeringa er ikkje tydeleg nok for frivillige organisasjonar. Frivillighet Norge meiner planen må inkludere alle frivillige aktivitetar, ikkje berre breiddeidretten

Regjeringa vil kome tilbake til eventuell opnig av festivalar og andre sommaraktivitatar i mai. Her frå slik vi kjenner Malakoff Rockfestival - fullpakka med festivalglad publikum.  Foto: Arkivfoto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

– Frivillige aktivitetar er meir enn idrett, og vi forventar at anna organisert aktivitet for vaksne blir opna parallelt med breiddeidretten. Kultur- og fritidsaktivitetar og andre møteplassar i det frivillige er avgjerande for folkehelsa, og organisasjonane er godt trent i smittevern, seier generalsekretær Stian Slotterøy Johnsen i Frivillighet Norge, i ei pressemelding.