Ein ny person i Stad er smitta

Ein person har fått stadfesta covid-19 etter å ha testa seg i Selje tysdag.

Ifølgje ei pressemelding frå kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld har ein person i Stad fått stadfesta covid-19 onsdag.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Onsdag har Stad kommune fått svar på 46 av 48 prøver tatt på Nordfjordeid tysdag, og 14 av 14 prøver tatt i Selje tysdag. Desse prøvesvara viser at ein ny person har fått stadfesta covid-19 etter å ha testa seg i Selje tysdag, kjem det fram i ei pressemelding. Personen som har fått stadfesta smitte har vore i karantene som nærkontakt til ein person i husstanden som tidlegare har fått stadfesta smitte. Det er ingen nye nærkontaktar.

Ingen av dei andre prøvene som vart tatt tysdag og som ein har fått svar på er positive.

Låg terskel

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans