Gult varsel for snø

Dette er status for vegane i låglandet og fjellet

Fleire vegar både i låglandet og i fjellet har hatt krevjande forhold dei siste dagane.

Dei siste dagane har det vore krevjande køyreforhold i fjellet og i låglandet og fleire av vegane har vore stengde. Her er Fjordabladet på veg ned frå Furefjerding ein vinter.  Foto: Arkiv/Anna Wuttudal

Nyhende

Det er for tida gult varsel for snø i Nordfjord, Møre og Romsdal og Trøndelag. Det er venta mykje snø fram til torsdag morgon i desse områda. Torsdag ettermiddag og kveld er det også venta ein del nedbør, både i form av snø og regn på Vestlandet sør for Stad. I låglandet er det då venta mellom 10 og 20 centimeter med nedbør, som i periodar kan kome som regn.

Utfordringar for trafikken

Dette vêret skapar utfordringar for trafikken rundt om. På riksveg 15 mellom Bryggja og Måløy stod eit vogntog fast på glattisen ved Almenningen tidlegare på dagen tysdag. Politipatrulje dirigerte då trafikken forbi staden, melder NRK.

Vegar har vore stengt både i låglandet og i fjellet. Blant vegane som har vore nattestengt og stengt på grunn av fare for skred, er Fv. 5744 Fossebakken – Navelsaker, Fv. 5723 Loen – Kjenndalen, Fv. 5724 Olden – Briksdal, Fv. 5720 Hjelle og Fv. 5722 Sunde – Flo. Desse har vore stengde og nattestengde sidan måndag kveld.

På Fv. 5744 Fossebakken – Navelsaker er vegen framleis nattestengt. Statens vegvesen melder onsdag at det er ny vurdering torsdag klokka 07.

Fjellovergangar

Når det gjeld fjellovergangane rundt om i Vestland, er det fleire som har vore stengde i fleire dagar. No ser det derimot ut til at dei fleste har opna opp for trafikk igjen.

Status klokka 14:00

  • Strynefjellet: Like før klokka 13:30 vart det meldt at vegen var open for fri ferdsel. Her er det vekslande tynn is, snøslaps, bart og vått. Fare for elg. Gjeld inntil vidare.
  • Filefjell: Er ope. Det skal vere bart og vått på staden. Dette gjeld inntil vidare.
  • Haukelifjell: Er ope. Skal vere bart. Gjeld inntil vidare.
  • Hardangervidda: Er ope. Skal vere snødekke. Gjeld inntil vidare.
  • Vikafjellet: Er ope. Stort sett bart og vått. Gjeld inntil vidare.
  • Hemsedalsfjellet: Er ope. Vekslande bart og vått, snø og isdekke. Gjeld inntil vidare.
  • Hol-Aurland: Er ope. Vekslande bart og vått, snø og isdekke. Gjeld inntil vidare.
  • Tyin – Årdal: Er ope. Vekslande bart og somme stader snødekke. Gjeld inntil vidare.