Berging av nederlandsk lastebåt skal starte i formiddag

Berginga av det nederlandske lasteskipet som er i drift vest for Ålesund, startar onsdag formiddag viss alt går etter planen. Havari synest usannsynleg no.

Onsdag morgon ligg skipet vel 40 nautiske mil vest for Ålesund, men berre rundt 30 nautiske mil frå land, det svarer til om lag 50 kilometer. Det bles kuling i området natt til onsdag.  Foto: Redningshelikopter Florø/ Hovedredningssentralen Sør-Norge

Nyhende

– Vi er veldig optimistiske til at fartøyet skal takast i slep i løpet av formiddagen og bringast inn i rolegare farvatn innanskjers, seier beredskapsdirektør Hans-Petter Mortensholm i Kystverket til NRK tidleg onsdag morgon.