Årets eidaruss

Så mykje samla dei inn under årets aksjon

Årets russ på Eid vidaregåande skule klarte målet om å samle inn over 25.000 kroner under innsamlingsaksjonen Krafttak mot kreft.

MÅL: Eidarussen hadde som mål å slå fjorårets sum på rundt 25.000 kroner. Dette klarte dei, ifølgje aksjonssjefane Sofie Venøy og Thea Ness Briskeby.   Foto: olin maria yri

Nyhende

I år som i fjor vart det ingen normal innsamlingsaksjon for Eidarussen. Kvart år går nesten 20.000 bøsseberarar rundt om i heile landet for å samle inn pengar til Krafttak mot kreft, som er Kreftforeningen sin årlege innsamlingsaksjon. Av desse 20.000 bøsseberarane er mange av desse russ, i tillegg til bygdekvinnelag, frivilligsentralar og andre lag. I år var det ikkje mogleg å samle inn pengar gjennom ein dør til dør aksjon, og eidarussen og andre russ rundt om i landet måtte difor samle inn pengar digitalt på grunn av koronasituasjonen i landet.