Ikkje lenger behov for eigne lokale smitteverntiltak

Stad kommune melder at det no ikkje lenger er behov for eigne lokale smitteverntiltak i Stad kommune. Frå onsdag er det dei nasjonale anbefalingane og reglane som gjeld.

Frå onsdag av er det dei nasjonale anbefalingane og reglane som gjeld i Stad.   Foto: OLIN MARIA YRI

Nyhende

Gjennom påska har testing og smittesporing vist at ein no kan vurdere smittesituasjonen i kommunen som godt kontrollert, kjem det fram i ei pressemelding. Den siste tida har ein fått nokre nye smittetilfelle, men desse har vore kopla til tidlegare smitta i utbrotet og utviklinga har vore som forventa.

Sidan oppfølginga av utbrotet ikkje er heilt avslutta, beheld ein risikonivå 2 (kontroll med klynger) i Stad kommune ut denne veka. Situasjonen er likevel slik at ein ikkje lenger ser behov for eigne lokale smitteverntiltak i Stad kommune. Frå onsdag 7. april er det nasjonale anbefalingar og reglar kring smittevern som gjeld i kommunen. Desse samsvarer i stor grad med dei råda som har vore lokalt, men etter dei nasjonale anbefalingane kan barn og unge under 20 år delta på fritidsaktivitetar.

Oversikt over gjeldande nasjonale reglar og anbefalingar finn du her: https://www.helsenorge.no/koronavirus/oversikt-over-regler-og-anbefalinger/ Desse er gjeldande fram til ny vurdering 14. april.

Tida etter påske er ei sårbar tid med tanke på spreiing av smitte, og det er viktig at alle held fram med å følgje dei gjeldande smitteverntiltaka.

Stad kommune oppfordrar framleis alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans