Mange fekk problem på kjelkeføre

Full fart med bilberging

Det har vore travle dagar for bilredningstenesta. Snøføre, glatte vegar og dårleg sikt har ført til at ein del bilførarar har fått problem.

TRAVELT: Det har vore full fart for Glenn Piel og andre bilbergingssjåførar.   Foto: Privat

Nyhende

– Det har vore full fart. Det har gått i eitt. No byrjar det å gje seg litt. I 12-tida i dag hadde Glenn Piel frå Stårheim Bilverksted endeleg tid til ein liten prat innimellom oppdraga for Viking redningsteneste.