Fire sjåførar måtte rydde i siktsona

Statens vegvesen kontrolllerte 27 tungbilar under ein kontroll på Kjøs tysdag.

Statens vegvesen hadde kontroll på Kjøs tysdag.  Foto: Arkiv

Nyhende

Tysdag hadde Statens vegvesen kontroll på Kjøs, og det var tungbilar som stod i fokus. Totalt 140 tungbilar var innom kontrollplassen, og 27 tungbilar vart kontrollerte.

Ifølgje Statens vegvesen måtte fire sjåførar rydde i siktsona før vidare køyring. Eit køyretøy fekk manglar på bremser, frontvindauge og onspott.

I tillegg fekk ein sjåfør gebyr for eit utslite dekk.