Bil hamna på taket

Det er glatt fleire stadar tysdag morgon, og det er meldt om vanskelege køyreforhold. I Olden har ein bil hamna på taket etter ei ulukke.

Tysdag morgon hamna ein bil på taket etter å ha køyrt av vegen i Olden.  Foto: arkiv

Nyhende

Tysdag morgon klokka 06:28 fekk Vest politidistrikt melding om ei trafikkulukke ved fv. 60 i Olden. Ein bil skal ha køyrt ut og hamna på taket. Politiet melder om at det skal vere to personar i bilen, og begge skal vere ute av bilen av hevdar seg uskadde.

I 08-tida melder Vest politidistrikt at politi er på staden og det er ingen personskade. Det skal vere glatt på staden.

Ifølgje Vegtrafikksentralen vest er Fv. 60 Avleinsvika i Stryn kommune stengt på grunn av trafikkulukka.