Måndag analyserte Helse Førde 129 koronaprøver, og ei av desse var positive. Dette kjem fram i dei oppdaterte tala til Helse Førde tysdag morgon. Den positive prøva er tatt i Stad. Måndag kveld vart det klart at ein ny person hadde testa positivt etter å ha testa seg på Nordfjordeid. Denne personen som er smitta er knytt til utbrotet i Stad og smittevegen er kjent. Nærkontaktar er sett i karantene og vert testa.
Ein ny person er smitta
Ein person har fått stadfesta covid-19 smitte måndag. Det nye smittetilfelle er knytt til utbrotet i Stad kommune.
Åtte siste dagane
I løpet av dei åtte siste dagane, mellom måndag 29. mars og måndag 5. april, har Helse Førde analysert 1312 prøver. Av desse analyserte prøvene har 13 av dei vore positive. Dagen med flest positive prøver i løpet av denne perioden er søndag 4. april med seks positive prøver. Både tysdag 30. mars og fredag 2. april har vore dagar med ingen positive prøver.
Måndag 29. mars: 1 ny av 181 analyserte prøver
Tysdag 30. mars: 0 nye av 224 analyserte prøver
Onsdag 31. mars: 1 ny av 263 analyserte prøver
Torsdag 01. april: 2 nye av 137 analyserte prøver
Fredag 02. april: 0 nye av 69 analyserte prøver
Laurdag 03. april: 2 nye av 158 analyserte prøver
Søndag 04. april: 6 nye av 151 analyserte prøver
Måndag 05. april: 1 ny av 129 analyserte prøver
Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.
Ein koronapasient
Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er ein pasient med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehus i Helse Førde. Måndag var det to pasientar med stadfesta smitte som var innlagd på sjukehus. Den eine pasienten var innlagd på intensivavdeling.
Det er no ingen innlagde pasientar på intensiv.
Andre tal
Tysdag morgon var det ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona.
Talet på tilsette i Helse Førde som har hatt stadfesta covid-19 smitte er framleis sju og uendra.