65 millionar kroner til fylkesvegar for tømmertransport

- Fylkesvegane treng eit løft. Det har vi signalisert i ny Nasjonal transportplan og vi viste det allereie gjennom budsjettforhandlingane for 2020 og 2021.

Dette er til stor glede for tømmernæringa, seier Hareide.   Foto: Tor Livius Midtbø/SD

Nyhende

No følger vi opp desse forhandlingane og fordeler om lag 65 millionar kroner til utbetring av fylkesvegar som er viktige for tømmertransport. Det vil gi betre vegar for både folk og næringstransport i heile Noreg, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.