Beredskapssjef og kommunedirektør:

─ Det er ikkje mykje vi kan gjere no

─ Sjølv om det havarerte lasteskipet driv mot Stad, så er det ikkje mykje vi kan gjere slik situasjonen er akkurat no, seier kommunedirektør Åslaug Krogsæter som peikar på reiarlaget.

Geir Peter Hatlenes er beredskapsjef i Stad kommune.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Det nederlandske lasteskipet «Eemslift Hendrika» kom i havsnaud i Nordsjøen måndag 5. april, etter at lasta forskauv seg og skipet fekk slagside. Seint same dag mista skipet all motorkraft og har vore i drift sidan. Heile mannskapet om bord vart berga i land, og det blir no jobba på fleire hald med å handtere situasjonen i Norskehavet.