Skredfare

Stenger fleire lokale vegar

Det er fare for skred fleire stadar, og ifølgje Vegtrafikksentralen vest vert fleire lokale vegar stengde i natt.

Det er meldt om skredfare fleire stadar i området, og måndag kveld vert fleire vegar i området stengde.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Ifølgje Vegtrafikksentralen vest vert fleire lokale vegar stengde frå klokka 20:00 måndag kveld. Årsaka til at desse vegane vert nattestengt er på grunn av skredfare. Det vert ny vurdering tysdag morgon klokka 09:00.

Vegane det er snakk om i Fjordane/Vestland er fv. 5744 Fossebakken – Navelsaker, Fv. 5724 Olden – Briksdal, Fv. 5723 Loen – Kjenndalen og Fv. 5722 Sunde – Flo.