Husdraumen som blei eit årelangt mareritt

Karen Merete Bruland bygde drøymehuset, men meinte det var fleire feil og manglar ved byggearbeidet. Dermed starta ein lang kamp mot firmaet som bygde huset.

KAMP: Karen Merete Bruland har vunne ein lang kamp mot selskapet som bygde huset hennar. – At eg også fekk gjennomslag i retten, viser at eg ikkje har vore urimeleg, seier ho. Alle foto: Anne-Mari Tomasgard 

Du bygger hus kanskje berre ein gong i livet, og du må kunne stole på fagfolk.

Karen Merete Bruland
Nyhende

– Det har vore utruleg belastande. Det skulle vere ei glede, men så blei det berre så ufatteleg mykje ufatteleg stress, seier Karen Merete Bruland og inviterer inn i huset i Kjølsdalen i Stad kommune.