Ein ny person er smitta

Ein person har fått stadfesta covid-19 smitte måndag. Det nye smittetilfelle er knytt til utbrotet i Stad kommune.

Ein ny person i Stad har fått stadfesta covid-19 måndag.  Foto: Olin maria Yri

Nyhende

Måndag kveld melder Stad kommune om at svara på alle prøvene som vart tatt søndag er klar. Det er no klart at ein ny person har fått stadfesta covid-19 smitte etter å ha blitt testa på Nordfjordeid søndag. Stad kommune melder at smittevegen er kjent og kopla til utbrotet. Nærkontaktane er sett i karantene og vert testa.

Ingen av dei andre prøvene som vart tatt søndag er positive.

Over 140 smitta

Ifølgje VG sine oppdaterte tal måndag kveld er det no 147 personar i og frå Stad som har fått stadfesta covid-19. Det ser ikkje ut som den nye personen som er stadfesta covid-19 smitta er med i dette talet. Før utbrotet i Stad i mars var det rundt 30 personar i eller frå Stad som hadde fått stadfesta covid-19 i løpet av året.

Ifølgje VG har Stad no flat smittetrend, men er framleis merka raudt på kartet. I løpet av dei to siste vekene har 32 personar i Stad fått stadfesta smitte. Per 100.000 personar er dette 336,2 personar.

Låg terskel å teste seg

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans

Stad kommune anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.

Stad kommune vil kome med ny vurdering av lokale tiltak i løpet av tysdag.