Ein bil har køyrt av vegen

Måndag køyrde ein personbil av vegen ved Kjøshammartunnelen. Det er meldt om slapseføre på vegen.

Ein bil har køyrt av vegen ved Kjøshammartunnelen i Hornindal måndag.  Foto: Arkiv

Nyhende

Ifølgje Fjordingen har ein personbil køyrt av vegen og i eit autovern ved Kjøshammartunnelen i Hornindal. Sjåføren skal ha vore åleine i bilen då ulukka skjedde. Det er meldt om store materielle skadar på bilen, men sjåfør skal vere uskadd.

Det skal ha vore slapseføre på vegen då ulukka skjedde.

Det er gult farevarsel for snø fram til tysdag ettermiddag, og lokalt kan det vere vanskelege køyreforhold. Søndag kveld åtvara Vest politidistrikt om glatte vegar mange stadar i fylket, både i nord og i sør. Dei meldte då at det hadde vore ein del utforkøyringar rundt om i distriktet og oppmoda alle om å køyre forsiktig.


Stengde vegar i fjellet og glatt i låglandet

Uvêr i fjellet og vanskelege forhold

Det er uvêr i fjellet og fleire av fjellovergangane er stengde. I låglandet er det også lokalt vanskelege køyreforhold.