Analyserte 151 prøver - seks av dei er positive

Søndag var seks av dei 151 analyserte prøvene i Helse Førde positive. Ifølgje Helse Førde er to pasientar med stadfesta covid-19 innlagd på sjukehus.

Dei siste åtte dagane har Helse Førde analysert 1254 prøver og 14 av desse prøvene vore positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Søndag 4. april analyserte Helse Førde 151 koronaprøver, og seks av desse var positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal måndag morgon. Dei seks positive prøvene skal vere tatt i Sogndal og Sunnfjord. Ifølgje Helse Førde er ikkje alltid kommunen for prøvetaking den kommunen pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Med desse seks positive prøvene søndag, er det totalt åtte positive prøver denne helga, analysert i Helse Førde. Laurdag vart det analysert 158 prøver og to av desse var positive.

14 positive

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom søndag 28. mars og søndag 4. april, har Helse Førde analysert 1254 prøver. Av desse analyserte prøvene har 14 av dei vore positive. Dagen med flest positive prøver i denne perioden er søndag 4. april, medan tysdag 30. mars og fredag 2. april har vore dagar der ingen av dei analyserte prøvene har vore positive.

Søndag 28. mars: 2 nye av 71 analyserte prøver

Måndag 29. mars: 1 ny av 181 analyserte prøver

Tysdag 30. mars: 0 nye av 224 analyserte prøver

Onsdag 31. mars: 1 ny av 263 analyserte prøver

Torsdag 01. april: 2 nye av 137 analyserte prøver

Fredag 02. april: 0 nye av 69 analyserte prøver

Laurdag 03. april: 2 nye av 158 analyserte prøver

Søndag 04. april: 6 nye av 151 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

To koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det måndag to innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehus i Helse Førde. Ein av desse pasientane er på intensivavdelinga. I går var talet på innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte ein.

Andre tal

Måndag morgon var det ein av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande i karantene eller sjukmelde grunna korona.

Talet på tilsette i Helse Førde som har hatt stadfesta covid-19 er framleis sju og uendra.