Utforkøyring i Stryn

Klokka 20:50 fekk politiet melding om utforkøyring på Langeset i Stryn.

Illustrasjonsfoto.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

I følgje politiet har bilen køyrt av vegen like ved Cirkel K på Langeset, og blitt liggande på sida, og at dei som var i bilen skal ha kome seg ut. Ingen skal vere alvorleg skadde. Naudetatar er på veg til staden, melder politiet på twitter.

45 minuttar etter utforkøyringa i Stryn kom det melding om at ein bil med fire personar hadde køyrt i fjellveggen på riksveg 5 i Florø. Alle var ute av bilen og oppegåande, melder Politiet.

Det er sleipt føre på vegane i kveld, derfor er det viktig å vise varsemd både for seg sjølv og medtrafikantar.