Stiv kuling og mykje nysnø vil føre til stor vindtransport av snø inn i leheng. Skred kan løysast ut både naturlig og av skiløpar, heiter det i meldinga frå NVE som ber folk unngå alt skredterreng!
Tette byger og stiv kuling frå nordvest gir store nysnømegnder og fokk i fjellet. Dette fører til at mykje snø kan blåse inn i leformasjonar og danne til dels store, ustabile flak. Det er usikkert kor mykje snø som kjem, men i område som får mest snøtransport, kan ein vente at fleire skred vil lausne naturleg. Høgt til fjells kan det i enkelte heng framleis finnast svake lag av kantkorn djupt i snødekket. Skred i fokksnøen som spreier seg ned til djupare lag, kan få eit større volum der slike lag er til stades.