Mann i 70-åra frå Stad vart Lottomillionær

Laurdag 3. april var det Supertrekning-pott på 47 millionar kroner i Lotto. Det vil seie 47 ekstra milliongevinstar á ein million kroner. Ein av vinnarane var frå Stad.

Supertrekning: Ein mann frå Stad vann ein million kroner i Lotto påskeafta. Illustrasjonsfoto  Foto: Norsk tipping

Nyhende

I ei pressemelding fortel Norsk Tipping at mannen frå Stad hadde mistanke om kvifor dei ringte. Han tok nemleg ikkje telefonen første gong vi forsøkte å få kontakt med han, men andre gongen svarte han fort.