Nytt kommunalat bustadfelt på Bryggja

Varsel om oppstart av detaljregulering

Stad kommune varslar no oppstart av detaljregulering for nytt kommunalt bustadfelt på Bryggja.

Med bakgrunn i kunnskapsgrunnlaget, har Stad kommune valt å varsle oppstart for detaljregulering for område 2, 3 og 4 som er vist i kartet.  Foto: Stad kommune

Nyhende

Bakgrunnen for varselet er at Utval for areal og eigedom den 16. mars 2021 vedtok å varsle oppstart av detaljregulering for nytt kommunalt bustadfelt på Bryggja, og at det Planstrategi for Stad kommune 2020-2023, skal det utarbeidast detaljreguleringsplan for nytt kommunalt bustadfelt på Bryggja. Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for nye bustadtomter på Bryggja i gangavstand til Bryggja skule. Detaljreguleringsplanen som skal utarbeidast i samarbeid med Nordplan.