Innspel til kommunedelplan for sjøområda i Stad

Kroken på døra for Krokpollen kystleirskule?

Ved plassering av akvakulturanlegg i dette området tek ein knekken på kvalitetstilboda, og sparkar bein under kystperla Krokpollen og drifta som er der.

Krokpollen Kystleirskule vart etablert for omlag 20 år sidan, drifta er hovudsakleg organisert gjennom Norsk Kystleir as, som har 2,5 årsverk i fast stilling, og i tillegg om lag 10 delstillingar knytt til drifta. - Etablering av oppdrettsanlegg i dette området «kastar oss ut» i praksis ut nærmiljøet, og gjer tilkomst til Krokpollen umogleg, skriv Maguns Willumsen i høyringssvaret til Stad kommune sin kommunedelplan for sjøområda.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

─ Fjordabladet har omtala Krokpollen som «Nordfjord sin best bevarte hemmelegheit». Vi har aldri prøvd å halde staden hemmeleg, men det er heilt greitt, skriv Magnus Willumsen, grunneigar og drivar av Krokpollen kystleirskule, i eit innspel til Stad kommune sin kommunedelplan for sjøområda.