Digital spontankonsert i Hornindal kyrkje

Folkeakademiet i Hornindal har tromma saman eit godt knippe aktørar og skipar til digital spontankonsert i Hornindal kyrkje 1. påskedag.

Hornindal kyrkje.   Foto: Ottar Starheim, NRK/allkunne

Nyhende

I ei melding på Hornindal kyrkje si Facebook-side skriv dei følgjande: «Saknar du å gå i kyrkja i påska, eller få besøk av vener og familie. Det gjer vi og. Derfor har Torunn Lødemel og Folkeakademiet i Hornindal tromma saman eit knippe lokale aktørar for å glede folk med song, musikk og tekstlesing i ein digital spontankonsert frå Hornindal kyrkje 1. påskedag.

I konserten som vert strøyma på Facebook-sida til Hornindal kyrkje vil publikum få sjå og høyre Oline Løvlid, Øyvind Seljeset, Sol Alme Brendefur, Martin Espe Lødemel, Inge Asbjørn Haugen. Kathe Sunde, Magne Maurset, Arild Andenes, Morten Bollerud, Kristina Tomasgard og Torunn Lødemel Stokkeland.