Kommunedirektøren i Gloppen:

─ Fisken bryr seg ikkje om kommunegrenser

─ Kanskje er tida mogen for å prøve å lage ein felles forvaltnings- og utviklingsplan for Nordfjorden, som eit samarbeid mellom kommunane som deler fjorden mellom seg?

- Planomtale og konsekvensanalyse viser at det med dagens teknologi og krav til avstand mellom anlegg er lite rom for utviding av oppdrett av laks og aure i Nordfjorden. Dette skuldast dei eksisterande anlegga, heiter det i uttalen til Gloppen formannskap til Stad kommune sin Kommunedelplan for sjøområda..   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Formannskapet i Gloppen handsama den 17. mars uttale til Stad kommune sin kommunedelplan for sjøområda, der formannskapet slutta seg til bak kommunedirektøren sine vurderingar, og at saksutgreiinga blei sendt Stad kommune innan høyringsfristen.