8,5 millionar til sommarskule i Sogn og Fjordane

11 kommunar i Sogn og Fjordane har fått tildelt til saman 8,5 millionar kroner i tilskot for å arrangere sommarskule for born og unge sommaren 2021.

-Tilskotet er innretta slik at det gir stort lokalt handlingsrom til kommunane, seier Guri Melby, men presiserer at tilbodet skal vere gratis for born og unge som deltek. Her saman med Alfred Bjørlo, Sogn og Fjordane Venstre sin 1. kandidat til Stortingsvalet.  

Nyhende

Dei 11 kommunane – Askvoll, Fjaler, Gloppen, Hyllestad, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Stad, Stryn og Sunnfjord – har til saman om lag 75% av samla tal born og ungdom i Sogn og Fjordane.


Mange kommunar søkjer ikkje om midlar til ekstra sommarskule - Stad kommune får 1.084.600 kroner

Dette året har barn i heile landet mista viktig skuletid. Likevel har ikkje alle kommunar søkt om midlar til sommarskule som kan gi fagleg påfyll for elevane. Stad kommune er blant kommunane som har søkt og får 1.084.600 kroner.


- Etter det tøffe året mange born og unge no har vore gjennom, er det ekstra viktig at vi strekker oss langt for å tilby gode aktivitetstilbod for born og unge sommaren 2021, seier ordførar i Stad og 1. kandidat for Venstre til Stortinget i Sogn og Fjordane, Alfred Bjørlo. - Eg er glad for at Regjeringa har lagt til rette for at alle kommunar kan søke om ekstra midlar til sommarskule, og at svært mange born og unge no får høve til å få eit slikt gratis aktivitetstilbod sommaren 2021, seier Alfred Bjørlo.

- Sommarskule er ikkje ei erstatning for ordinær skule, men eit viktig supplement i ei spesiell tid, seier Kunnskapsminister Guri Melby (Venstre). - Dette er eit høve for elevar i grunnskulealder til å få delta i sosiale og kulturelle aktivitetar, og i tillegg få fagleg påfyll, seier Melby.

Kommunane har stor fridom til å utforme det lokale sommarskuletilbodet ut frå sine eigne føresetnader. Kommunane står også fritt til å samarbeide med idrettslag, kulturskule, leirskular eller frivillige lag og organisasjonar. Kommunane kan også avgjere lokalt om bestemte elevgrupper skal prioriterast.

-Tilskotet er innretta slik at det gir stort lokalt handlingsrom til kommunane, seier Guri Melby, men presiserer at tilbodet skal vere gratis for born og unge som deltek.



Tildelt beløp
Askvoll 323800
Fjaler326500
Gloppen560200
Hyllestad106100
Høyanger399400
Luster586600
Lærdal212200
Sogndal1283800
Stad1084600
Stryn830100
Sunnfjord2791800
Til saman8505100

Tabellen vuser kommunar i Sogn og Fjordane som har fått tilskot til sommarskule i 2021