Analyserte 181 prøver - ei av dei er positiv

Måndag var ei av 181 analyserte koronaprøver positiv, ifølgje Helse Førde. Dette er tredje dagen på rad med minst ei positiv prøve.

Dei siste åtte dagane har Helse Førde analysert 1956 prøver og 22 av desse har vore positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Måndag analyserte Helse Førde 181 koronaprøver, og ei av desse prøvene var positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon. Den positive prøva skal vere tatt i Sunnfjord.

Dette er tredje dagen på rad med positive prøver analysert i Helse Førde. Søndag 28. mars og laurdag 27. mars var det totalt fem positive prøver etter at Helse Førde analyserte 314 prøver.

Dei siste åtte dagane

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom måndag 22. mars og måndag 29. mars, har Helse Førde analysert totalt 1956 prøver. Av desse prøvene har 22 av dei vore positive i denne perioden. Dagane med flest positive prøver i løpet av desse dagane er måndag 22. mars og tysdag 23. mars med åtte positive prøver begge dagane. Dagane med færrast positive prøver er onsdag 24. mars, torsdag 25. mars og fredag 26. mars med ingen positive prøver.

Måndag 22. mars: 8 nye av 431 analyserte prøver

Tysdag 23. mars: 8 nye av 529 analyserte prøver

Onsdag 24. mars: 0 nye av 192 analyserte prøver

Torsdag 25. mars: 0 nye av 165 analyserte prøver

Fredag 26. mars: 0 nye av 144 analyserte prøver

Laurdag 27. mars: 3 nye av 243 analyserte prøver

Søndag 28. mars: 2 nye av 71 analyserte prøver

Måndag 29. mars: 1 ny av 181 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Den siste tida har det vore utfordringar med analysekapasiteten ved Førde sentralsjukehus, og fleire av koronaprøvene har blitt sendt til andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.

Status i Stad

Ifølgje VG sine oppdaterte tal er det totalt 141 personar i og frå Stad som har fått stadfesta covid-19. Før smitteutbrotet tidlegare i mars var dette talet rundt 30 personar.

Tala til VG viser at 81 personar i Stad har fått stadfesta covid-19 i løpet av dei to siste vekene. Per 100.000 innbyggjarar er dette 851,1 personar. Dette gjer at Stad framleis er blant kommunane i landet som er raudast på kartet. Dette er basert på registrert smitta dei siste 14 dagane per 100.000 innbyggjarar. I tillegg til Stad er også Sarpsborg, Rælingen og Fjord kommune raudast på kartet.

Trass i at Stad framleis er blant kommunane som er raudast, viser utviklinga i registrert smitta no at det er flat trend. Mellom 9. mars og fram til 29. mars har denne trenden vore stigande.

Ein pasient på intensiv

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag er ein pasient med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehus i Helse Førde. Denne pasienten er innlagd på intensivavdelinga viser tala til Helse Førde. Pasienten var også innlagd på intensiv måndag.

Andre tal

Tysdag morgon var det tre av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var sjukmelde eller heimeverande grunna korona.

Talet på tilsette i Helse Førde som har hatt stadfesta covid-19 er framleis sju.