Operahuset Nordfjord med avlysingar

Den siste tida har fleire arrangement i Operahuset Nordfjord blitt avlyst eller utsett grunna covid-19.

OPERAHUSET: Grunna covid-19 situasjonen er fleire arrangement utsett.   Foto: olin maria yri

Nyhende

Grunna covid-19 situasjonen i Stad og lokale og nasjonale tiltak har Operahuset Nordfjord måtte utsette og avlyse fleire arrangement som skulle ha blitt arrangert i mars. Raudhette og ulven i regi av Teater Vestland skulle ha gått av stabelen 25. mars, men er blant arrangementa som er avlyst. Bernhoft, i regi av Operahuset Nordfjord og Malakoff er flytta til 5. mai. Det er også Sigrid Moldestad som har fått ny dato til 17. oktober.