Ingen nye koronasmitta i Stad - ventar svar på 115 testar

For første dag på lenge er det ikkje meldt om nye koronasmitta i Stad. Ein ventar likevel svar på 35 prøver på Nordfjordeid og 80 prøver i Selje.

Ingen nye koronasmitta i Stad i dag, men ikkje alle prøvesvar ligg klare, opplyser ordførar Alfred Bjørlo og kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

- Torsdag kveld er det ikkje varsla nye positive prøvesvar for Stad kommune etter testing onsdag. Utfordringar med analysekapasiteten ved Førde sentralsjukehus og Haukeland sjukehus gjer dessverre at svartider er forlenga, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld og ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding.

Torsdag kveld kl 22 har det kome svar på 25 av om lag 60 prøver tekne på Nordfjordeid onsdag. Det har ikkje kome svar på nokon av dei om lag 80 prøvene som vart tekne i Selje onsdag.


Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans


Stad kommune anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.