Analyserte 192 prøver - alle negative

Onsdag var ingen av dei 192 analyserte prøvene positive. Dette er første dag sidan måndag 15. mars at alle prøvene er negative.

HELSE FØRDE SINE TAL: Ifølgje Helse Førde sine tal var det ingen positive prøver onsdag.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Onsdag analyserte Helse Førde 192 prøver og alle desse prøvene var negative. Det kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal torsdag morgon. Ein må tilbake til måndag 15. mars for å finne ein dag utan positive prøver. Då analyserte Helse Førde 121 prøver og alle desse var negative.

Utfordringar

Onsdag kveld vart det klart at to nye personar er stadfesta covid-19 smitta i Selje. Begge dei smitta var nærkontaktar og var allereie i karantene då dei testa positivt. Det vart også klart at ein no har fått svar på rundt 135 prøver som vart tatt i Selje måndag og tysdag, men ein manglar framleis ti av 50 prøver tatt på Nordfjordeid tysdag. Det er utfordringar med analysekapasiteten ved sjukehusa som er årsaka til at svartida er forlenga.


To nye koronasmitta i Selje

To nye personar er koronasmitta i Selje. Begge er nærkontaktar og var allereie i karantene.


Trass i at Helse Førde analyserte ingen positive prøver onsdag, er følgje ordførar i Stad, Alfred Bjørlo talet på to nye positive prøver i Stad onsdag korrekt.

– Årsaka er rett og slett at vi no får våre prøver analysert på laben i Bergen, på grunn av kapasitetsproblem på laben i Førde. Talet vi oppga i går, er difor rett, seier han.

Siste åtte dagane

Dei siste åtte dagane, mellom onsdag 17. mars og onsdag 24. mars, har Helse Førde analysert 3316 koronaprøver. Av desse analyserte prøvene har 76 vore positive. Dagen med flest positive prøver er torsdag 18. mars med 24 positive, og dagen med færrast positive er onsdag 24. mars med ingen positive.

Onsdag 17. mars: 6 nye av 288 analyserte prøver

Torsdag 18. mars: 24 nye av 583 analyserte prøver

Fredag 19. mars: 9 nye av 513 analyserte prøver

Laurdag 20. mars: 12 nye av 368 analyserte prøver

Søndag 21. mars: 9 nye av 412 analyserte prøver

Måndag 22. mars: 8 nye av 431 analyserte prøver

Tysdag 23. mars: 8 nye av 529 analyserte prøver

Onsdag 24. mars: 0 nye av 192 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Situasjonen i Stad

Ifølgje VG sine tal var det fire personar i eller frå Stad som vart registrert stadfesta covid-19 smitta i går. Det er uklart om alle desse er etterregistreringar eller nye smittetilfelle. VG melder at det no er totalt 131 personar i eller frå Stad som har fått stadfesta covid-19 smitte. Dette betyr at i dette utbrotet frå starten av mars har rundt 100 personar i Stad fått stadfesta covid-19. Før dette utbrotet var det rundt 30 personar i og frå Stad som hadde vore smitta i løpet av året.

Stad har hatt stigande smittetrend sidan 9. mars. Dei siste 14 dagane har 79 personar fått stadfesta covid-19 i Stad, per 100.000 innbyggjar er dette 830,1 personar.

Ein koronapasient

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ein person med stadfesta covid-19 smitte som er innlagd på sjukehus i Helse Førde

Torsdag morgon var det fem av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som er heimeverande eller sjukmelde grunna korona. Talet på tilsette som har hatt stadfesta covid-19 er framleis sju.