Spent på å sjå kva Stad kommune vil gjere

Leiar i Stad ungdomsråd, Daniel Hildenes, har meint at informasjonen ut til ungdom har vore for dårleg. Under eit møte med ordførar Alfred Bjørlo og kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld vart dei samde om betre informasjon i framtida.

LEIAR: Daniel Hildenes, leiar i Stad Ungdomsråd, fortalde til Fjordabladet at han tykkjer det har vore for lite informasjon ut til ungdommar under covid-19 utbrotet i Stad kommune. No er Stad ungdomsråd og Stad kommune samde i at informasjonen til denne gruppa kan bli betre.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Daniel Hildenes, leiar i Stad ungdomsråd, har vore bekymra over smittesituasjonen i Stad kommune og har ønska strengare tiltak i kommunen gjennom mellom anna digital undervisning. Tysdag fekk han moglegheit til å stille spørsmål og få informasjon av kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld og ordførar i Stad Alfred Bjørlo under eit ekstraordinært møte i Stad ungdomsråd.