– Kan ikkje fjerne all risiko

Stad ungdomsråd fekk kome med sine bekymringar og spørsmål til Stad kommune under eit ekstraordinært møte. – Det er lett å forstå bekymringa dykkar, og som smittevernlege hadde det vore lettast å låse døra, men det er mykje ein skal ta omsyn til, fortalde kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.

STAD UNGDOMSRÅD: Under møtet i Stad ungdomsråd tysdag vart det konkludert med at elevar og ungdommar i Stad kommune treng meir informasjon om covid-19 situasjonen. – Ein må arbeide fram ein måte å få ut informasjonen på og jobbe fram tilliten på, sa Marie Løviknes. Fremst Ståle Sandal (Sp) observatør i ungdomsrådet. Bak medlemmane i ungdomsrådet. Heilt til høgre Daniel Hildenes, som er leiar i Stad Ungdomsråd.   Foto: ARKIV/Tormod Flatebø

Det er ingen garantiar for å få kontroll på situasjonen, plutseleg kjem det ein familie som ikkje er knytt til dei andre.

Thomas Vingen Vedeld
Nyhende

Daniel Hildenes, leiar i Stad ungdomsråd, stod fram i Fjordabladet og fortalde om ein usikker kvardag der mange ungdommar er bekymra over smittesituasjonen, eit ønske om strengare tiltak gjennom digital undervisning og behovet for meir informasjon til skuleelevar.