Helse Førde:

Åtte positive prøver - alle frå Stad

Åtte av dei 529 prøvene som Helse Førde analyserte tysdag, var positive. I løpet av dei siste åtte dagane har 86 av 3554 analyserte prøver vore positive.

Onsdag vart det klart at åtte av prøvene som vart analysert tysdag var positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Tysdag analyserte Helse Førde 529 prøver, og åtte av desse var positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal onsdag morgon. Dei åtte positive prøvene skal vere tatt i Stad.

Tysdag kveld vart det klart at sju personar i Stad har fått stadfesta covid-19. Dette er personar som er nærkontaktar i husstandar til tidlegare smitta og alle har vore i karantene.


Sju nye koronasmitta - fire i Selje og tre på Nordfjordeid

Fire nye i Selje er stadfesta koronasmitta tysdag. På Nordfjordeid er tre nye smitta.


Kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen som pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Problem med kapasitet

Tysdag kveld kom det fram i ei pressemelding at det er utfordringar med analysekapasiteten ved Førde sentralsjukehus, og ein del av resultata frå testinga måndag ville først vere klar i dag, onsdag. Dette gjeld mellom anna rundt 30 av 100 prøver i Selje.

Åtte siste dagane

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom tysdag 16. mars og tysdag 23. mars, har Helse Førde analysert 3554 koronaprøver. Av desse har 86 prøver vore positive. Dagen med flest positive prøver i løpet av desse dagane er torsdag 18. mars med totalt 24 positive. Dagen med færrast positive prøver i denne perioden er onsdag 17. mars med seks positive prøver.

Tysdag 16. mars: 10 nye av 430 analyserte prøver

Onsdag 17. mars: 6 nye av 288 analyserte prøver

Torsdag 18. mars: 24 nye av 583 analyserte prøver

Fredag 19. mars: 9 nye av 513 analyserte prøver

Laurdag 20. mars: 12 nye av 368 analyserte prøver

Søndag 21. mars: 9 nye av 412 analyserte prøver

Måndag 22. mars: 8 nye av 431 analyserte prøver

Tysdag 23. mars: 8 nye av 529 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ein koronapasient

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er ein person med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehus i Helse Førde.

Onsdag morgon var åtte av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande eller sjukmelde grunna korona. Talet på tilsette i Helse Førde som har hatt stadfesta covid-19 er framleis sju.