Sju nye koronasmitta - fire i Selje og tre på Nordfjordeid

Fire nye i Selje er stadfesta koronasmitta tysdag. På Nordfjordeid er tre nye smitta.

  Foto: Ill.foto: Ingebjørg NIlsen Stokkenes

Nyhende

Prøvesvar tysdag kveld viser at fire nye personar har fått påvist koronasmitte i Selje.

- Alle er nærkontaktar i husstandar til tidlegare smitta. To av dei er i same husstand. Alle har vore i karantene. Tre av dei fire utløyser ingen nye nærkontaktar, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.

Alle ved ei avdeling ved Leikvang barnehage vert sett i karantene og testa. Barnehagen vert stengt til og med fredag 26. mars.  Foto: Stad kommune

Den fjerde smitta er tilsett ved Leikvang barnehage og kan ha vore smittsam på jobb fredag 19. mars. Alle born/tilsette på den aktuelle avdelinga er sett i karantene og vert testa onsdag. Husstandsmedlemmer er sett i ventekarantene.

Etter ei samla vurdering blir Leikvang barnehage stengt til og med fredag 26. mars.

Tre nye på Nordfjordeid

Tysdag kveld viser også prøvesvar at tre personar har fått påvist koronasmitte på Nordfjordeid. Alle er nærkontaktar i husstandar til tidlegare smitta. To av dei er i same husstand. Alle har vore i karantene sidan tidleg under utbrotet, og ingen av dei utløyser nye nærkontaktar.


Til saman er det tysdag påvist sju nye smittetilfelle. Alle dei smitta er nærkontaktar i husstandar til tidlegare smitta og alle har vore i karantene.


- På grunn av utfordringar med analysekapasiteten ved Førde sentralsjukehus, vil ein del av resultata frå testing måndag først vere klare onsdag. Dette gjeld om lag 30 av 100 prøver tekne i Selje måndag. Alle dei 70 prøvene tatt på Nordfjordeid måndag er ferdig analyserte i dag, opplyser kommuneoverlegen.


Arbeidet med oppfølging av nærkontaktar i karantene, gjenteken testing av desse og testing av alle personar med symptom på sjukdom, held fram. Det er tysdag testa om lag 50 personar på Nordfjordeid og 40 personar i Selje.


Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.


Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans


Vi anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.