Positive prøver i Stad, Sunnfjord og Sogndal

Helse Førde analyserte måndag 431 prøver og åtte av desse var positive. I løpet av dei siste åtte prøvetakingsdagane har 78 av 3146 analyserte prøver vore positive.

Måndag var det positive prøver i Stad, Sogndal og Sunnfjord.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon analyserte helseføretaket 431 prøver måndag. Åtte av desse var positive. Desse åtte positive prøvene skal vere tatt i Stad, Sogndal og Sunnfjord.

Måndag kveld vart det klart at fem nye personar i Stad er stadfesta covid-19 smitta. Ein av desse har testa positivt på hurtigtest og denne er ikkje med i Helse Førde sine tal før svar på PCR-test tysdag kveld, kom det fram i ei pressemelding.


Fem nye er koronasmitta i Stad

Fem nye er stadfesta koronasmitta i Stad kommune - fire vaksne i Selje og ein vaksen på Nordfjordeid.


Kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Stad er raudt

Ifølgje VG sine oppdaterte tal er det no totalt 120 personar i eller frå Stad som har hatt stadfesta covid-19 smitte. I løpet av dei siste 14 dagane har 78 personar fått stadfesta covid-19 i Stad. Per 100.000 innbyggjarar er dette 819,6 viser tala til VG. Stad har hatt stigande smittetrend sidan 9. mars og er raudt på kartet.

Åtte siste dagane

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom måndag 15. mars og måndag 22. mars, har Helse Førde analysert totalt 3146 prøver. Av desse analyserte prøvene har 78 av dei vore positive i denne perioden. Dagen med flest positive prøver i løpet av desse åtte dagane er torsdag 18. mars med 24 positive. Måndag 15. mars er den einaste dagen i denne perioden med berre negative prøver.

Måndag 15. mars: 0 nye av 121 analyserte prøver

Tysdag 16. mars: 10 nye av 430 analyserte prøver

Onsdag 17. mars: 6 nye av 288 analyserte prøver

Torsdag 18. mars: 24 nye av 583 analyserte prøver

Fredag 19. mars: 9 nye av 513 analyserte prøver

Laurdag 20. mars: 12 nye av 368 analyserte prøver

Søndag 21. mars: 9 nye av 412 analyserte prøver

Måndag 22. mars: 8 nye av 431 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Andre tal

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon er det ein person med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehus i Helse Førde. Dette talet var også ein måndag.

Tysdag morgon var det 13 av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande eller sjukmelde grunna korona. Talet på tilsette i Helse Førde som har hatt stadfesta covid-19 er framleis sju og uendra.