Ny tunnel på Strynefjellet

Lokale Venstrepolitikarar lovar dei vil arbeide hardt for å få inn ny tunnel på Strynefjellet.  Foto: Ill.Foto: Eli Ramstad, Statens vegvesen

Nyhende

Venstre vil framleis arbeide hardt for å få inn ny tunnel etter konsept B1 i Nasjonal Transportplan.

Fram til Stortingsbehandlinga i juni vil vi arbeide breidt partipolitisk for å gjere dette mogleg. Venstre er positive til prosjektet fordi det vil gje rassikker, raskare og meir miljøvenleg veg mellom vest og aust, og erstatte dei gamle tunnelane som ikkje oppfyller framtidas tryggleikskurs.

No gjenstår det å finne løysing slik at Strynefjellet og RV 15 blir prioritert så snart som mogleg i NTP. Den kampen vil Venstre delta i, i ein brei allianse mellom politikarar, næringsliv og andre gode krefter i tida som kjem.