Ei heil avdeling er sett i karantene på Flatraket

Ei heil avdeling ved Flatraket barnehage er no sett i karantene.
Nyhende

Ein tilsett har testa positivt på koronasmitte, og fekk prøvesvar i dag måndag.

- Vedkomande var på jobb i barnehagen fredag 19. mars. Dei tilsette og barna som var på den aktuelle avdelinga av barnehagen er ut frå dette sett i karantene og blir testa for covid-19 tysdag 22. mars, opplyser Stad kommune på sine nettsider.

Hustandsmedlemmar er sett i ventekarantene fram til ein får svar på prøvene frå dei som er sett i karantene.