Heimeskule heile veka for Selje skule

Fleire klassetrinn ved Selje skule er involvert i det lokale utbrotet av koronasmitte. Frå måndag fekk alle 132 elevane heimeskule med digital undervisning.

DIGITALT: Rektor Atle Solheim har alle elevane på heimeskule denne veka.  Foto: Arkiv: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

– Då det vart tatt ut ei ny klasse i karantene vart det vanskeleg å drive vanleg skule. Det har vore hektiske dagar, med mykje organisering både i forhold til testing og heimeskule, konstaterer rektor Atle Solheim. Han rosar foreldre, tilsette og elevar.