Fem nye er koronasmitta i Stad

Fem nye er stadfesta koronasmitta i Stad kommune - fire vaksne i Selje og ein vaksen på Nordfjordeid.

Fire nye vaksne personar er stadfesta koronasmitta i Selje. I tillegg er ein vaksen på Nordfjordeid smitta.  Foto: Ill.foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Prøvesvar måndag kveld viser at fire vaksne personar i Selje har fått påvist koronasmitte. Alle desse er nærkontaktar innanfor familiar med tidlegare smitta, og alle var i karantene.

Ein av dei fire har testa positivt på hurtigtest og vil ikkje vere med i tala frå Helse Førde før svar på PCR-test også er klart tysdag kveld, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld og ordførar Alfred Bjørlo.


Måndag kveld viser også prøvesvar at ein vaksen person på Nordfjordeid har fått påvist smitte. Denne personen er nærkontakt i same husstand som ein tidlegare smitta. Personen var difor i karantene og smitteveg er kjent.


Til saman er det måndag påvist fem nye smittetilfelle. Alle dei smitta er nærkontaktar til tidlegare smitta og var i karantene.

Kjent smitteveg

Alle som fekk påvist smitte måndag kveld var i karantene og har kjent smitteveg. Dette talar for at ein er på veg mot å få ytterlegare kontroll på utbrotet. Prøvesvar dei komande dagane vil avklare dette ytterlegare.


Arbeidet med oppfølging av nærkontaktar i karantene, gjenteken testing av desse og testing av alle personar med symptom på sjukdom, held fram.

Det er måndag testa om lag 100 personar i Selje og 70 personar på Nordfjordeid.


Kommuneoverlegen vil tysdag morgon ferdigstille ei ny overordna risikovurdering av smittesituasjonen i samband med utbrotet. Denne vert gjort kjent tysdag.


Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.


Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans


Stad kommune anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.