Analyserte 412 prøver - ni er positive

Søndag analyserte Helse Førde 412 prøver, og ni av desse var positive. I løpet av dei siste åtte dagane har 71 av 2852 analyserte prøver vore positive.

Dei siste åtte dagane har Helse Førde analysert 2852 prøver og 71 av desse har vore positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Søndag analyserte Helse Førde 412 koronaprøver, og ni av desse var positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal måndag morgon. Dei ni positive prøvene kjem frå Stad og Sogndal. Ifølgje VG sine tal var det to personar i Sogndal som vart registrert covid-19 smitta i går. Søndag kveld var det også klart at sju nye personar i Stad har fått stadfesta covid-19 smitte.


Sju nye smittetilfelle i Stad

I dag er det påvist sju nye smittetilfelle i Stad kommune. Selje barnehage held stengt og det blir digital undervisning ved Selje skule og på Eid ungdomsskule i veka som kjem.


Kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Stad

Ifølgje VG sine oppdaterte tal er det no totalt 115 personar i Stad som har fått stadfesta covid-19 smitte. Før dette smitteutbrotet i starten av mars, var det rundt 30 personar i eller frå Stad som hadde fått stadfesta covid-19 i løpet av det siste året.

Dei siste 14 dagane har 81 personar i Stad fått stadfesta covid-19. Per 100.000 innbyggjar er dette 851.1 personar.

Stad har hatt stigande smitte sidan 9. mars. Ser ein på VG sitt kart er det Stad og Lørenskog som er raudast på kartet i Norge.



Siste åtte dagane

Dei siste åtte dagane, mellom søndag 14. mars og søndag 21. mars, har Helse Førde analysert 2852 prøver. Av desse har 71 prøver vore positive. I denne perioden har det vore ein dag med ingen positive prøver. Dette var måndag 15. mars. Dagen med flest positive prøver analysert av Helse Førde er torsdag 18. mars med 24 positive prøver.

Søndag 14. mars: 1 ny av 137 analyserte prøver

Måndag 15. mars: 0 nye av 121 analyserte prøver

Tysdag 16. mars: 10 nye av 430 analyserte prøver

Onsdag 17. mars: 6 nye av 288 analyserte prøver

Torsdag 18. mars: 24 nye av 583 analyserte prøver

Fredag 19. mars: 9 nye av 513 analyserte prøver

Laurdag 20. mars: 12 nye av 368 analyserte prøver

Søndag 21. mars: 9 nye av 412 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ein koronapasient

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal måndag er ein person med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehus i Helse Førde. Søndag var det ingen pasientar med stadfesta covid-19 innlagd på sjukehus i Helse Førde.

Måndag morgon var det fem av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande eller sjukmelde grunna korona. Talet på tilsette i Helse Førde som har hatt stadfesta covid-19 smitte er framleis sju og uendra.