Stad kommune på smittetoppen

 Stad kommune og Lørenskog er no dei to raudaste kommunane i Norge. Kartutssnitt frå vg.no 

  Foto: Kartutssnitt frå vg.no

Nyhende

Stad kommune og Lørenskog kommune ved Oslo er no dei to raudaste kommunane i landet når det gjeld smittestatus. Ifølgje vg.no sine tal er det no totalt i løpet av året registrert 108 smitta innbyggarar som høyrer til i Stad.

  Foto: Kartutssnitt frå vg.no

Stad kommune har i store delar av koronaåret hatt lite smitte. Det var ei oppblomstring i november, men det store trykket har kome no i mars og pågår framleis.



Ti nye smittetilfelle i Stad

Til saman er det laurdag kveld påvist ti smittetilfelle etter at det er kome svar på 273 av 316 prøver tatt fredag. Det er Stad kommune som melder om dette.