Vil ha strengare tiltak

– Vi er mange som er bekymra

Leiar i Stad ungdomsråd, Daniel Hildenes fortel at han og andre ungdommar er bekymra over smittesituasjonen i Stad og ønskjer strengare tiltak.

LEIAR: Daniel Hildenes, leiar i Stad Ungdomsråd, meiner at det bør innførast strengare tiltak i Stad.   Foto: Arkiv/Tormod Flatebø

Nyhende

– Hovudfokuset vårt er at vi skal halde oss trygge, og at færrast mogeleg skal få korona. Det er litt vanskeleg når det er så mange som er smitta. Difor tykkjer eg at skulane burde ha stengt ned tidlegare, seier Daniel Hildenes, leiar i Stad ungdomsråd til Fjordabladet.