Analyserte 583 prøver - 24 er positive

Torsdag var 24 av dei 583 prøvene som Helse Førde analyserte positive. Dei siste åtte dagane har 54 av prøvene vore positive.

POSITIVE: Torsdag var 24 prøver positive, etter at Helse Førde analyserte 583 prøver.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Torsdag analyserte Helse Førde 583 prøver, og 24 av desse prøvene var positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal fredag morgon. Desse positive prøvene skal vere tatt i Stad Sunnfjord og Sogndal.

Seint torsdag kveld vart det klart at 18 personar i Stad har testa positivt for covid-19. Av desse var 13 av dei i Selje, og fem på Nordfjordeid.


18 nye smittetilfelle i Stad kommune

Det er i dag, torsdag, påvist 18 nye smittetilfelle med covid-19 i Stad kommune, av desse er 13 i Selje og fem på Nordfjordeid. Dette kjem fram i ei pressemelding frå kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld og ordførar Alfred Bjørlo om status for covid-19-utbrotet i Stad kommune.


Så langt denne veka har 40 prøver vore positive etter at Helse Førde har analysert 1422 prøver.

54 positive

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom torsdag 11. mars, og torsdag 18. mars, har Helse Førde analysert 2545 prøver. Av desse har 54 av prøvene vore positive. I denne perioden er torsdag 18. mars dagen med flest positive prøver, medan måndag 15. mars er einaste dag med berre negative prøver.

Torsdag 11. mars: 2 nye av 380 analyserte prøver

Fredag 12. mars: 2 nye av 236 analyserte prøver

Laurdag 13. mars: 9 nye av 370 analyserte prøver

Søndag 14. mars: 1 ny av 137 analyserte prøver

Måndag 15. mars: 0 nye av 121 analyserte prøver

Tysdag 16. mars: 10 nye av 430 analyserte prøver

Onsdag 17. mars: 6 nye av 288 analyserte prøver

Torsdag 18. mars: 24 nye av 583 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ein koronapasient

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ein person med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehus i Helse Førde.

Fredag morgon var det fire av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande eller sjukmelde grunna korona. Talet på tilsette i Helse Førde som har hatt stadfesta covid-19 er framleis sju og uendra.