Fem nye smitta i Stad

Fem nye personar i Stad har fått stadfesta covid-19 smitte etter testing tysdag. Tre av desse var allereie i karantene, medan to andre testa seg etter symptom.

Fem nye personar i Stad har fått stadfesta covid-19.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Prøvesvar onsdag kveld viste at til saman fem nye personar har fått påvist smitte etter testing tysdag, kjem det fram i ei pressemelding.


Analyserte 288 prøver - seks er positive

Seks av koronaprøvene som Helse Førde analyserte onsdag var positive. Så langt denne veka har 16 av dei 839 analyserte prøvene vore positive.



Åtte nye smitta i Stad

Åtte nye personar i Stad har fått stadfesta covid-19 smitte. Sju av desse var allereie i karantene grunna smitte hos personar i eigen husstand.


Tre allereie i karantene

Tre av desse personane var allereie i karantene på grunn av kjent kontakt med tidlegare smitta, og desse tre smittetilfella utløyser ingen nye nærkontaktar.

Dei to andre tilfella er personar som testa seg ved Selje legekontor tysdag på grunn av symptom. Foreløpig kartlegging viser ei sannsynleg kopling til utbrotet på Nordfjordeid og til smittetilfellet som vart påvist i Selje i går. Desse to nye tilfella utløyser til saman ca 15 nærkontaktar. På grunn av ei utvida kartlegging tysdag kveld, vart mange av desse nærkontaktane sett i karantene allereie tysdag kveld og testa onsdag. Husstandsmedlemmer til alle nærkontaktar er sett i ventekarantene.

Barn kan vere smitta

To born i familien til ein av dei to nye smitta i Selje, er vurdert å kunne vere smitta. Begge borna går i Selje barnehage, og dei kan då ha vore smittsame inn i avdelingane dei går i tysdag og måndag. Born og tilsette i desse to avdelingane i Selje barnehage er sett i karantene og vert testa torsdag. Husstandsmedlemmar til borna/dei tilsette er sett i ventekarantene i påvente av negativt svar på testen.

Låg terskel å teste seg

Eit større tal personar vart elles testa på bakgrunn av symptom på sjukdom tysdag. Alle desse testane var elles negative.

Vurderinga av den samla smittesituasjonen, tiltak og anbefalingar er ikkje endra. Vidare vurderingar vert gjort i samråd med FHI i dagane framover.

Arbeidet med oppfølging av nærkontaktar i karantene, gjenteken testing av desse og testing av alle personar med symptom på sjukdom, held fram. Onsdag vart om lag 90 personar testa. Prøvesvar på desse er venta torsdag kveld.

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært låg terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom i veka som kjem.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans

Stad kommune anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.

Anbefalingane frå Stad kommune 9. mars er framleis gjeldande:

  • Vi ber alle om å vere nøye med å halde god avstand til andre i kvardagen, ha god handhygiene og ha svært lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom.
  • Vi ber alle ha så få nære kontaktar som mogeleg i kvardagen og unngå å samlast i grupper utanom eigen husstand eller kohort i barnehage/skule.
  • Vi oppmodar lag og organisasjonar i Stad om å utsetje/avlyse arrangement, treningar og andre fritidsaktivitetar der ein samlar folk i grupper.

Desse råda gjeld til smittesituasjonen er meir avklara.