Analyserte 288 prøver - seks er positive

Seks av koronaprøvene som Helse Førde analyserte onsdag var positive. Så langt denne veka har 16 av dei 839 analyserte prøvene vore positive.

Seks av dei 288 analyserte prøvene onsdag var positive. Ifølgje VG sine tal vart fem personar i eller frå Stad registrert smitta av covid-19 i går.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Onsdag analyserte Helse Førde 288 prøver, og seks av desse prøvene var positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal torsdag morgon. Dei seks positive prøvene skal vere tatt i Stad og Sunnfjord.

Ifølgje VG sine oppdaterte tal var det fem personar i eller frå Stad som i går vart registrert covid-19 smitta. VG melder også torsdag om at totalt 73 personar i eller frå Stad no har fått stadfesta covid-19 smitte. Stad har vore raudt på kartet sidan i alle fall 9. mars.

Åtte siste dagane

Med desse seks nye positive prøvene har 16 av dei 839 prøvene så langt denne veka vore positive. Desse positive prøvene kjem frå Stad, Kinn og Sogndal. Måndag 15. mars har vore den einaste dagen denne veka med berre negative prøver.

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom onsdag 10. mars og onsdag 17. mars, har Helse Førde analysert 2400 prøver. 36 av desse prøvene har vore positive.

Onsdag 10. mars: 6 nye av 438 analyserte prøver

Torsdag 11. mars: 2 nye av 380 analyserte prøver

Fredag 12. mars: 2 nye av 236 analyserte prøver

Laurdag 13. mars: 9 nye av 370 analyserte prøver

Søndag 14. mars: 1 ny av 137 analyserte prøver

Måndag 15. mars: 0 nye av 121 analyserte prøver

Tysdag 16. mars: 10 nye av 430 analyserte prøver

Onsdag 17. mars: 6 nye av 288 analyserte prøver

Ein koronapasient

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er ein person med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehus i Helse Førde.

Torsdag morgon var fem av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande eller sjukmelde grunna korona. Talet på tilsette i Helse Førde som har fått stadfesta covid-19 smitte er framleis sju og uendra.