Ein person innlagd på sjukehus

Måndag analyserte Helse Førde 121 prøver og alle desse var negative. No er talet på innlagde med stadfesta covid-19 smitte ein person.

Måndag var alle dei 121 analyserte prøvene negative. Ser ein på dei siste åtte dagane, er dette første dag der alle prøvene har vore negative i denne perioden.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon analyserte Helse Førde 121 prøver i går og ingen av desse var positive. Måndag kveld vart det klart at Stad hadde testa rundt ti personar søndag og ingen av desse var positive. Dette var nokre få nærkontaktar og nokre som tok kontakt grunna symptom.


Ingen nye har fått påvist smitte

Prøvesvar måndag kveld viser at ingen nye personar i Stad kommune har fått påvist smitte etter testinga som vart gjort søndag 14. mars.


Dei siste åtte dagane

Dei siste åtte dagane, mellom måndag 8. mars og måndag 15. mars, har Helse Førde analysert 2477 prøver. 34 av desse prøvene har vore positive.

Måndag 08. mars: 9 nye av 272 analyserte prøver

Tysdag 09 mars: 5 nye av 523 analyserte prøver

Onsdag 10. mars: 6 nye av 438 analyserte prøver

Torsdag 11. mars: 2 nye av 380 analyserte prøver

Fredag 12. mars: 2 nye av 236 analyserte prøver

Laurdag 13. mars: 9 nye av 370 analyserte prøver

Søndag 14. mars: 1 ny av 137 analyserte prøver

Måndag 15. mars: 0 nye av 121 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ein koronapasient

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det tysdag ein person med stadfesta covid-19 smitte som er innlagd på sjukehus i Helse Førde. Måndag var dette talet på innlagde pasientar med stadfesta covid-19 to.


To innlagde pasientar med covid-19

Den siste veka har Helse Førde analaysert 2409 prøver og 38 av desse har vore positive. Helse Førde sine oppdaterte tal viser at to personar med stadfesta covid-19 smitte er innlagde på sjukehus i Helse Førde.


Tysdag morgon er det tre av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande eller sjukmelde grunna korona. Talet på tilsette som har hatt stadfesta covid-19 smitte er framleis sju og uendra.