Ein ny koronasmitta i Stad

Endå ein person er koronasmitta i Stad. No er det 32 personar som har fått påvist smitte. Alle smittetilfella er kopla til kvarandre.

32 personar er koronasmitta i Stad.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Eit seint innkome prøvesvar frå testing fredag, viser søndag kveld at éin person til har testa positivt for covid-19. Denne personen var allereie i karantene i ein husstand med andre smitta.

- Dette utløyser ingen nye nærkontaktar, og husstanden er allereie under oppfølging frå smittesporingsteamet i kommunen. Med dette har til saman 32 personar fått påvist covid-19-smitte i Stad kommune under dette utbrotet. Alle smittetilfella er kopla til kvarandre, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld og ordførar Alfred Bjørlo.

Alle var i karantene

Alle som har fått påvist covid-19 dei siste dagane, har allereie vore kartlagt av smittesporingsteamet og var i karantene då dei testa positivt.

- Talet på nye nærkontaktar utanfor husstandane har vore svært lavt. Til tross for omfattande testing av personar i lokalmiljøet som har symptom på sjukdom, har ein i veka som gjekk ikkje påvist smittetilfelle som ikkje kan relaterast til tidlegare smitta. Det er eit uttrykk for at det omfattande smittesporingsarbeidet med kartlegging av nærkontaktar, karantene og testing har gitt god oversikt over situasjonen, og at ein kan komme til å sjå slutten på utbrotet i dagane som kjem, påpeikar Vedeld og Bjørlo.

Ventar fleire

Fordi ein del av dei smitta har husstandsmedlemmar som framleis vil ha ein viss kontakt med den smitta, er det likevel venta at det vil kunne komme nye smittetilfelle i veka som kjem. Dette vil då vere godt kontrollert og ikkje føre til smitterisiko utanfor husstanden sidan desse personane har vore i karantene over tid.


Arbeidet med oppfølging av nærkontaktar i karantene, gjenteken testing av desse og testing av alle personar med symptom på sjukdom, held fram.


Det er for tida eit utbrot med covid-19 i Volda kommune. I samband med dette utbrotet er det éin nærkontakt i Stad kommune. Denne personen er i karantene og vart testa første gong laurdag.


Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom i veka som kjem.


Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans


Vi anbefaler no at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.


Vidare vurderingar av smittesituasjonen vert gjort fortløpande i dagane framover.



Åtte nye personar er smitta i Stad

Ein ny elev ved Eid ungdomsskule er koronasmitta. Det er påvist ytterlegare sju tilfelle av smitte etter testing utført fredag. Fire av desse tilfella er innanfor same hustand.



Koronasmitte i Volda- personar i Stad og Stryn er i karantene

Koronaviruset som er oppdaga i Volda er anten av sørafrikansk eller brasiliansk mutasjon. Personar i Stad og Stryn er i karantene.


Anbefalingane frå Stad kommune 9. mars er framleis gjeldande:


  • Vi ber alle om å vere nøye med å halde god avstand til andre i kvardagen, ha god handhygiene og ha svært lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom.
  • Vi ber alle ha så få nære kontaktar som mogeleg i kvardagen og unngå å samlast i grupper utanom eigen husstand eller kohort i barnehage/skule.
  • Vi oppmodar lag og organisasjonar i Stad om å utsetje/avlyse arrangement, treningar og andre fritidsaktivitetar der ein samlar folk i grupper.


Desse råda gjeld til smittesituasjonen er meir avklara.