Analyserte 523 prøver - fem positive

Tysdag analyserte Helse Førde 523 prøver og fem av desse var positive. Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er ein pasient med stadfesta covid-19 innlagd.

Dei siste åtte dagane har Helse Førde analysert 1897 prøver, og 24 av desse har vore positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Tysdag analyserte Helse Førde 523 prøver, og fem av desse er positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal onsdag morgon. Desse prøvene skal vere tatt i Stad. Tysdag kveld vart det klart at fem nye personar i Stad har fått stadfesta covid-19 smitte. Stad kommune stadfestar til Fjordabladet onsdag morgon at desse fem positive prøvene som Helse Førde melder om onsdag, er allereie rekna med i dei positive testane i Stad og er difor ingen nye tilfelle.


Tre elevar og ein lærar smitta

Fem nye personar er stadfesta koronasmitta i Stad. Av desse er tre elevar og ein lærar på sjette trinn ved Nordfjordeid skule. I tillegg er endå ein stadfesta smitta.


Tysdag kveld var det totalt 17 personar som hadde fått stadfesta covid-19 smitte under utbrotet. Då var svar på mutasjonsanalyse ikkje klart.

Sjuande dagen på rad

Dei positive prøvene tysdag gjer at det no er sju dagar på rad med positive prøver. Ein må tilbake til tysdag 2. mars for å finne ein dag utan positive prøver.

Dei siste åtte dagane, mellom tysdag 2. mars og tysdag 9. mars, har Helse Førde analysert 1897 og 24 av desse prøvene har vore positive. Dei positive prøvene i denne perioden kjem frå Stad, Stryn, Kinn, Sogndal og Årdal.

Tysdag 02. mars: 0 nye av 260 analyserte prøver

Onsdag 03. mars: 1 ny av 231 analyserte prøver

Torsdag 04. mars: 2 nye av 220 analyserte prøver

Fredag 05. mars: 2 nye av 194 analyserte prøver

Laurdag 06. mars: 1 ny av 144 analyserte prøver

Søndag 07. mars: 4 nye av 53 analyserte prøver

Måndag 08. mars: 9 nye av 272 analyserte prøver

Tysdag 09 mars: 5 nye av 523 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område kan sjølv bestemme kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene dei har tatt, difor kan prøvene bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, så dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå Helse Førde sitt område.

Ein koronapasient

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er ein pasient med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehusa i Helse Førde. Tysdag 9. mars var det ingen pasientar med stadfesta covid-19 innlagd på sjukehusa i Helse Førde.

Onsdag morgon var det åtte av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande eller sjukmelde grunna korona.

Talet på tilsette som har hatt stadfesta covid-19 er framleis sju.