Maritim base på Flatraket

Planar om akvakultur i lukka anlegg

Kvernevik Gruppa og Fiskevegn har funne kvarandre og vil etablere Flatraket Maritime Base.

LUKKA I SJØ: Kvernevik og Fiskevegn satsar samen og vil bruke tunnelmasse til å utvikle ein maritim base på Flatraket. I tilknyting til utfylt areal, er det planlagt område for lukka akvakultur i sjø.   Foto: Skjermdump frå dialogmøte

Nyhende

På dialogmøtet om kommunedelplan for sjøområda – Sildagapet, Moldefjorden og Pollane, fortalde Håkon Holen frå Fiskevegnkonsernet og Oskar Kvernevik frå Kvernevik Gruppa at planen er å nytte masse frå Stad skipstunnel for å bygge og utvikle ein base på Flatraket. I tilknyting til utfylt areal er det planlagt område for lukka akvakultur i sjø. Det er på utsida av fyllinga ein har tenkt å etablere akvakultur i lukka anlegg. Det er også tenkt oppgradering av dagens kai.