Analyserte 272 prøver - ni er positive

Måndag analyserte Helse Førde 272 prøver og ni av desse var positive. Dette er den sjette dagen på rad at Helse Førde analyserer minst ei positiv prøve.

POSITIVE: Måndag var ni av dei 272 analyserte prøvene positive, viser Helse Førde sine oppdaterte tal.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Måndag analyserte Helse Førde 272 prøver og ni av desse er positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon. Alle dei ni positive prøvene skal vere tatt i Stad.


Fem nye er koronasmitta

Fem nye personar har testa positivt for koronasmitte i Stad. Av desse er tre personar i same husstand som frå før hadde seks smitta personar.



Kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld:

– Opphavet til smitten er ukjent

– For å vere på den sikre sida, ter vi oss som om det skulle vere ein mutert og svært smittsam virusvariant vi har med å gjere.



– Mange foreldre valde å halde borna heime

– Måndag var 30 prosent av elevmassen ved Nordfjordeid skule borte frå skulen.


Ifølgje Stad kommune er desse ni positive prøvene allereie rekna med i talet på dei 14 stadfesta smitta tilknytt utbrotet i Stad. Dette er tolv personar i Stad, ein i Stryn og ein i Volda.

Årsaka til dette er at dei positive utslaga på hurtigtestar vert stadfesta av Helse Førde gjennom ordinær prøveanalyse.

Sjette dagen på rad

Dette er den sjette dagen der Helse Førde har analysert minst ei positiv prøve. Ein må tilbake til tysdag 2. mars for å finne ein dag utan positive prøver.

I løpet av de siste åtte dagane, mellom måndag 1. mars og måndag 8. mars, har Helse Førde analysert 1526 prøver og 19 av desse prøvene har vore positive. Dei positive prøvene i denne perioden er tatt i Stad, Stryn, Kinn, Sogndal og Årdal.

Måndag 01. mars: 0 nye av 152 analyserte prøver

Tysdag 02. mars: 0 nye av 260 analyserte prøver

Onsdag 03. mars: 1 ny av 231 analyserte prøver

Torsdag 04. mars: 2 nye av 220 analyserte prøver

Fredag 05. mars: 2 nye av 194 analyserte prøver

Laurdag 06. mars: 1 ny av 144 analyserte prøver

Søndag 07. mars: 4 nye av 53 analyserte prøver

Måndag 08. mars: 9 nye av 272 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område kan sjølv bestemme kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene dei har tatt, difor kan prøvene bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, så dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå Helse Førde sitt område.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er ingen pasientar med stadfesta covid-19 smitte innlagde på sjukehusa i Helse Førde.

Tysdag morgon var det ti av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande eller sjukmelde grunna korona.

Talet på tilsette som har hatt stadfesta covid-19 er framleis sju.