Analyserte 53 prøver - fire er positive

Fire av dei 53 analyserte prøvene søndag var positive viser tala til Helse Førde. Dette er femte dagen på rad at helseføretaket analyserer ei positiv prøve.

Dei siste åtte dagane har ti av prøvene som Helse Førde har analysert vore positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Søndag analyserte Helse Førde 53 prøver og fire av desse er positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal måndag morgon. Dei fire positive prøvene skal vere tatt i Stad og Stryn.